
Velkommen til VIA Travel Stord, reisebyrået med kunden i fokus.
Etter over 50år på kaien flytte me i 1998 opp i nye lokaler i Borggata 32. Her sitter 2 konsulenter i skranken, medan 4 sitter i telefonsalg. Hertz bilutleige held også til her.
Me kan freiste med alt i frå storbyferiar, badeliv i syden, cruise i Karibien eller ørkensafari i Afrika. Noko for ein kvar smak, enten ein vil tilbringe nokre dagar med shopping og kultur i ein storby, slappe av på ei strand, og leike med barna eller nyte det herlige livet på ei lukseriøs båtreise. Me ynskjer uansett at akkurat din ferie skal gi glede og gode opplevingar med nye og varige inntrykk.
Mange av våre kundar kjem attende gong på gong for å ordne sine reiser hjå oss. Det vågar me å ta som ei bekrefting på at me lykkas med å dekke behova til kunden. Me er glade i tilbakemeldingar – både ris og ros. Dette gjer oss nyttig erfaring, og kjem andre kundar tilgode.
I jungelen av prisar og tilbod i aviser og på internett er det lett å gå seg vill… la derfor ein røynd reisekonsulent hjelpe deg med planlegging og tinging av reise. Då vil du få svar på dei spørsmåla du har, hjelp dersom du trengå endre eller det dukkar opp uforutsette ting.På Via Travel Stord treff du våre reisekonsulentar som har ferie- og forretningreiser som sitt fagfelt.
Uansett reisebehov er du velkommen til å ta kontakt med oss neste gang du skal ut å reise. Ta kontakt på telefon, eller stikk innom vårt kontor i Borggata 32 på Leirvik.
|